Nav
Ulnes, Norway
Foreldrepermisjonsvikariat ved Valdres montessoriskule
1. desember 2026 til 1. desember 2027
Valdres montessoriskule ligg i Ulnes og har elevar frå heile Valdres. Skulen legg vekt på å gi elevane eit godt og variert opplæringstilbod. Gjennom montessoripedagogikken legg vi til rette for læring for alle elevar, stimulerer lærelysta hos kvar enkelt og byggjer motivasjon og tru på eigne evner.
Vi er opptekne av å førebyggje utanforskap og skape eit inkluderande og trygt skulemiljø som fremjar læring, trivsel og god helse.
Arbeidsoppgåver
Undervisning og oppfølging av elevar
Bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
Samarbeid med kollegaer og føresette
Delta aktivt i skulen sitt pedagogiske utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
Erfaring frå arbeid med barn og ungdom
Lærarutdanning eller annan relevant pedagogisk utdanning
Undervisningskompetanse i norsk (60 studiepoeng) er ynskeleg
Kompetanse i eller erfaring med...