Nav
Varhaug, Norway
Er du ein prest med Jesus-begeistring og ein evne til å formidla Guds ord for både barn, unge og vaksne? Kan du engasjera og disippelgjera medarbeidarar, samt jobbe godt i team? Velkommen som søkjar til ei prestestilling i ein gild stab med mange aktive frivillige! Nærbø ligg i Hå kommune, som har mykje vakker natur og gode tilbod for små og store. Nærbø kyrkjelyd sin visjon er «Levande tru». Kyrkjelyden er prega av varierte gudstenester med godt oppmøte frå alle aldrar. Involvering, misjonal tenking og kyrkjelydsutvikling er viktige stikkord for oss i åra framover. Nærbø sokn har gudsteneste kvar sundag, på alle høgtidsdagane samt nyttårsaftan. Førre år vart det gjennomført 82 gudstenester i soknet. Det blir brukt nynorsk liturgi. Gudstenestene er varierte med m.a. temagudstenester og generasjonsgudstenester med stor bredde i form og innhald. Mange av gudstenestene vert strauma på nett. Ulike aldersgrupper er representerte i gudstenestene. Snittframmøtet på gudstenestene er...