Nav
Vatne, Norway
Butenesta i Haram har ledig 2x100% stilling som miljøterapeut. Stillingane er for tida ledig i avdeling barnebustad og avlastning. Stillingane er ledig frå 4. januar 2027, eller etter avtale. Turnus for stillinga er dag- og kveldsvakter, med langvakter kvar 4.helg. Barnebustad og avlasting held til i lokale ved Solbakken bukollektiv på Vatne. Basen for butenesta er lokalisert i Brattvåg, og enkelte dagar kan oppmøtestaden vere der i samband med møte og andre arbeidsoppgåver. Som miljøterapeut ved Solbakken blir du ein del av eit tverrfagleg team saman med dyktige miljøterapeutar og andre medarbeidarar med helsefagleg kompetanse. Dette gir eit godt fagmiljø med høve til samarbeid, læring og fagleg utvikling. Butenesta skal i ein 4-årsperiode framover ha fokus på å jobbe systematisk for å sette i system og implementere krav og mål til rettleiaren "Gode helse og omsorgstenester til personar med utviklingshemming". Som miljøterapeut får du vere ein del av dette arbeidet. I 2025 var...