Nav
Vikedal, Norway
Me har ledig 1 fast stilling på ungdomstrinnet på 100 %. Me treng og vikarar i til saman 250 % stilling på barne- og ungdomstrinn for tilsette som skal ut i fødselspermisjon. Lengd på vikariat vil vere på omlag 1 år med mogleg forlenging. Me søkjer særleg etter undervisningskompetanse i musikk, engelsk og matematikk, men og andre fag kan vere aktuelle. Søk no, bli ein del av flokken vår i Vikedal og hjelp oss å skapa tryggleik, meistring og læringsglede for elevane våre. Hos oss blir du ein del av eit fagleg sterkt fellesskap der me løftar kvarandre, deler erfaringar og utviklar praksis saman. Her får du rom til å vera deg sjølv – og til å veksa, både som pedagog og kollega. Me har som mål at Vikedal skule skal vera "ein god stad å vera, ein god stad å læra". Elevar som kjenner seg trygge, sett og forstått har eit godt utgangspunkt for læring og utvikling – både sosialt og fagleg. Me legg vekt på gode relasjonar, trygge rammer og eit inkluderande miljø for både elevar og vaksne....