Rauma kommune Måndalen barne- og ungdomsskule
Voll, Norway
Stillingen Grunnskulelærar i 100% vikariat skuleåret 25-26. Inntil to stillingar, med moglegheit for ei fast stilling. Pr. tiden Måndalen skule. Arbeidsplassen Måndalen skule er ein heilt ny skule med moderne fasilitetar for både læring, leik og utvikling. Måndalen skule er plassert i naturskjønne omgjevnadar der fjord og fjell legg til rette for flotte mogelegheiter i både skulekvardagen og på fritida. Skulen har 96 elevar fordelt på 1.- 10. trinn, og eit samla personale på 18 tilsette. Du kan lese meir om skulen vår her: Måndalen skule - Rauma kommune Arbeidsoppgåver: Undervisning hovudsakleg på 5.-10.trinn (avhengig av kompetanse/erfaring). Kontaktlæraransvar kan bli tillagt stillinga. Krav til kvalifikasjonar: Utdanning som grunnskulelærar, fortrinnsvis 5-10. trinn. God digital kompetanse. God skriftleg og munnleg framstillingsevne. Det er ønskje om: Ulike fag er relevant, men det er ønskjeleg med engelsk (60 stp), naturfag, matematikk (60 stp.),...