Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim, med 63 tilsette. Viti driftar og forvaltar Jugendstilsenteret og KUBE i Ålesund, Fiskerimuseet i Ålesund, Sunnmøre museum i Ålesund, Middelaldermuseet i Ålesund, Naturmuseet i Sykkylven, Møbelmuseet i Sykkylven, Sivert Aarflot-museet i Volda, Anders Svor-museet i Hornindal, Brudavolltunet i Ørsta, Folkemusikkarkivet og ei rekkje flytande kulturminne, mellom anna bankskøyta Storeggen av Aalesund og shetlandsbussen Heland. Viti er ein del av Kystverkmusea og The Réseau Art Nouveau Network.