Ølensjøen Fus Barnehage As

Ølensjøen FUS barnehage er ein av over 180 FUS-barnehagar i landet. Hos oss er barna FUS (først) og kvardagen er prega av eit glødande, tilstadeværande og engasjert personale. Barnehagen ligg sentralt plassert i Ølen, her har me kort veg til skog, sjø, bibliotek og andre sentrumsnære fasiliteter. Med FUS-bussen oppsøkjer me turmål lengre vekk frå barnehagen. Det er mange språk og kulturar representert i barnegruppene, språkarbeid og mangfald står sentralt i arbeidet vårt.