Vår hovudoppgåve er å kvalitetssikre fagopplæringa som blir gitt i våre medlemsbedrifter. Vi har lærlingen i fokus og har som mål at lærlingen skal ha ei god læretid, både fagleg og mellommenneskeleg.
Arbeidet vårt består blant anna av lærlingsamtalar, bedriftsbesøk og skulebesøk. Vi deltek på utdanningsmesser og bidreg i arbeidet med å få fleire til å velje ei yrkesutdanning.
Vi har lærlingar frå fleire utdanningsprogram og medlemsbedrifter i mange kommunar i Møre og Romsdal.
Medlemsbedriftene våre har i mange år bidrege i arbeidet med fagopplæring, noko vi er stolte av å vere ein del av.