Tre Brør Mat og Vin er ein veletablert restaurant, kafé og kulturscene i hjarta av Voss, kjend for sitt fokus på rustikk og moderne skandinavisk mat. Me nyttar lokale og sesongbaserte råvarer for å skapa smaksrike opplevingar i ein varm og uformell atmosfære. Under nytt eigarskap frå mai 2023 har restauranten utvikla seg til ein anerkjend matdestinasjon. Med vårt styrka omdøme ynskjer me no å satsa vidare, og leitar difor etter ein dyktig og erfaren kjøkensjef som kan ta oss til neste nivå.