Litt om Ornes Båtbyggeri
Ornes Båtbyggeri er eit tradisjonsrikt båtbyggeri inst i Sognefjorden, med kundar frå heile landet, og med fagkunnskap innanfor tre og aluminium som hovudfelt. Vi løyser dei fleste arbeidsoppgåver innan nybygg og reparasjon av fartøy i tre, aluminium, stål og plast. Produksjonsområdet og kontoret er på Ornes i Luster kommune. Nærområdet til båtbyggjeriet er i utvikling, og det skal innan kort tid byggast eit nytt verdsarvsenter knyta til stavkyrkja. Dette skaper spennande moglegheiter for båtbyggeriet.