Modalen kommune tilbyr alle ungdommar med bustadadresse i Modalen kommune arbeid for 3 veker i sommarferien. Tilbodet gjeld ungdommar i aldersgruppa frå og med det året dei fyller 16 år til og med det året dei fyller 20 år.

I år har Modalen kommune valt å invitere inn det lokale næringslivet i ung jobb. Arbeidsoppgåvene vert fordelt innan gardsdrift, teknisk etat/uteseksjonen, arbeid på Modalstunet, barnehage, SFO, badevakt, aktivitetstilbod for born og reinhald i kommunale bygg m.m.

Me ønskjer at ungdom skal få ei første erfaring i arbeidslivet og at det er mogleg å tenke seg eit yrkesliv i Modalen. I tillegg vil ungdomen bidra til å avlaste organisasjonen i samband med ferieavvikling.