På Hardanger fartøyvernsenter i Norheimsund kan du høyra lyden av handverkarar i arbeid. Det luktar av friske materialar, tjære, tau og glødande smijarn. Hardanger fartøyvernsenter har lang erfaring med tradisjonelt trearbeid, og som kompetansesenter og verft, satser me meir på bygningsvern i tida som kjem. Me har eigne handverkarar som arbeider med bygningsvern og som har spesialkompetanse på tømring, finsnikring og antikvarisk restaurering.