Skjåk kommune er ein spennande fjellkommune som ligg øvst i Gudbrandsdalen. Kommunen har ca 2200 innbyggarar med kommunesenteret i Bismo. I Skjåk er det eit variert næringsliv innan industri, handel, reiseliv og tenesteyting. Ny barne- og ungdomsskule, barnehagar, godt utbygde helse- og omsorgstilbod, idrettsanlegg med symjebasseng, hall og friidrettsanlegg, kulturskule, bibliotek, skianlegg og mykje meir. Industri, landbruk og handverksbedrifter tilbyr moderne og tradisjonsrike produkt. Skjåk samarbeider tett med kommunane både aust- og vestover. I Skjåk har vi ein køfri kvardag med tilgang til fantastiske natur- og fritidsaktivitetar. Breheimen og Reinheimen nasjonalpark gjev moglegheiter for varierte naturopplevingar. Her kan du dyrke aktivitetar som fotturar, sykling, elvepadling, juving, toppturar på ski, fiske og jakt.