Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule består av skulestadene Otta, Lom og Dombås i ein felles organisasjon.
Skulen har til saman sju utdanningsprogram og om lag 400 elevar. Skulen har som mål å gje innbyggjarane i regionen eit godt og desentralisert opplæringstilbod gjennom felles løysingar og samarbeid med næringslivet.
Avdeling Otta har seks utdanningsprogram med om lag 280 elevar og 70 tilsette. Skulen vart nyrenovert i 2010 med lokale som legg til rette for gode læringsmiljø og godt læringsarbeid.
Skulen er eigd og drive av Innlandet fylkeskommune.
Tilgjengelighetserklæring for EasyCruit: https://uustatus.no/nb/erklaringer/publisert/f9747c75-22c2-4118-972a-c13193edfc8a