Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.

Hos oss på Valestrand er verdiane våre; engasjert, inkluderande og kreativ , og vi arbeidar for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.

Skulen har eit aktivt elevråd som arbeidar for at alle elevane på skulen skal få ein best mogleg skulekvardag.

Valestrand har temadagar jamnt gjennom året og verdsett aldersblandande aktivitet. 

Valestrand skule er ein av dei største skulane på Osterøy og ligg vakkert til og nær naturen, med blant anna Brakvatnet i nærleiken og kultur tett på med Bullahuset.