Tre av våre dyktige medarbeidarar skal ha foreldrepermisjon og vi har difor ledig tre 100% vikariat som barnehagelærar. Vikariata har ulik lengde, som lista opp under: 

nr.1: frå og med 28.05.25  til og med 31.7.26   

nr. 2: frå og med 06.06.25 til og med 31.7.26  

nr 3: frå og med 01.08.25  til og med 6.1.26

Ved behov vil det vere mogleg at vikariata kan bli forlenga.

Stillingane er per i dag knytt til småbarnsavdelingar med opp til 13 born i alderen 1 og 2 år. 

Vi ønskjer oss dyktige barnehagelærar som kan vere trygge og gode vaksne i barnehagen vår, både for barn, føresette og kollegagruppa. 

Om du har spørsmål om stillingane eller om barnehagen, er du meir enn velkomen til å ta kontakt med oss. Vi håpar å sjå ditt namn på søkjarlista!

Søknadsfrist 27.04.25.