Visjonen til Osterøyskulen er lærelyst og meistring for framtida.

Hos oss på Fotlandsvåg er tryggleik, trivnad, inkludering og læring for alle elevane viktig, og me arbeider for å gjere kvarandre gode i dag, og i framtida.

Skulen har eit aktivt elevråd som arbeidar for at alle elevane på skulen skal få ein best mogleg skulekvardag.

Fotlandsvåg skule er ein fådelt barneskule. Me ligg vegg-i-vegg med Fotlandsvåg barnehage og har gode føresetnader for eit godt samarbeid, og ein trygg og god overgang i frå barnehage til barneskule for elevane.

Me er heldige og har kort veg til Fotlandsvåg Arena, Herlandsvatnet og eit opparbeida uteområde i skogen. Det er kort veg til naturområde som vert nytta til utflukter, som fjelltur og fiske- og kanodagar.