Fitjar er ein øykommune som ligg vakkert til på nordsida av øya Stord i Sunnhordland. Her finn du framleis urørt kystlandskap, ein unik skjærgard med idylliske vikar og omlag 380 øyar, holmar og skjær. På øya er det mange flotte, merka turstiar i som er mykje nytta. Fitjar er ein framtidsretta kommune med spanande moglegheiter. Kommunen har ca. 3200 innbyggjarar. Gode buforhold, eit levande lokalsamfunn og eit næringsliv i utvikling er viktige grunnsteinar i kommunen vår.