UWC Røde Kors Nordisk er ein internatskule for 200 elevar i alderen 16-19 år, frå meir enn 80 ulike land. Elevane gjennomfører eit to-årig studieprogram - International Baccalaureate (IB) Diploma. Skulen starta opp i 1995, er mellom anna finansiert av offentlege midlar frå dei nordiske landa og ligg idyllisk plassert ved Flekkefjorden i Fjaler kommune på Vestlandet. Skulen har om lag 65 tilsette og har to datterselskap, UWC Connect AS og Verdsgrenda Eigedom AS. UWC Connect har ansvar for andre aktivitetar som mellom anna leirskule, sommarleirar og som vertskap for ulike grupper som kjem for å oppleve det unike miljøet på skulen. Verdsgrenda Eigedom AS eig og forvaltar bygg på eigedomen.