Ål kommune Hallingdal leirskule

Hallingdal leirskole vart etablert i 2016, og har vorte ein godt besøkt leirskule med gode tilbakemeldingar frå våre elevar og lærarar. Vi er ein del av Topcamp Hallingdal, og ligg i naturskjønne Ål i Hallingdal. Vi nyttar både Topcamp Hallingdal sine fasilitetar og høgfjellsområda i nærleiken i våre aktivitetar for elevane. Vi har om lag 2.200 besøkande elevar kvart år, fordelt på både haust, vinter og vår. Vi driver med bogeskyting, matlaging på bål, orientering, handverk frå gamle dagar, pionering, teambuildingsaktivitetar, topptur, fiske, skileik, langrenn, alpinski, skiskyting og enda mykje meire.