Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Vaksdal kommune ynskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Vi oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, hol i CV-en eller funksjonsevne. Nokon av Vaksdal kommune sine stillingar kan ha eigne helsekrav og fysiske krav. Etter offentlegheitsloven § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om søkjaren har bede om å ikkje stå på søkjarlista. Vaksdal kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må legggast ved søknaden. Høgare utdanning gjennomført utanfor Noreg må vere godkjent av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Godkjenninga må dokumenterast.
Alle barnehagane i Vaksdal har gjennomført kompetanseprogrammet «Inkluderande barnehagemiljø». Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Dette gjer vi i lag som kompetente og engasjerte vaksne.