Samnanger Sokn

Samnanger er ein liten kommune mellom Bergen og Hardanger, ca. 45 min å køyra frå Bergen sentrum. Me har knapt 2500 innbyggjarar. Det er gode tilhøve for friluftsliv i bygda, både ved fjorden og på fjellet. Kommunen har barneskule, ungdomsskule, aktiv kulturskule og godt korpsmiljø.

Me har to kyrkjer, ei på Ådland frå 1851 og ei på Haga frå 1995. På Ådland har me gudstenester, bryllaup, gravferder og konsertar. På Haga har me gudstenester, barne- og ungdoms-arbeid, diakoni-arbeid, bryllaup, konsertar og samlingar av ulike slag. Der held også kyrkjekontora til.

Kyrkjestaben elles er: Prest, kyrkjetenar, kyrkjeverje, tre trusopplærings-medarbeidarar og sekretær. Dei fleste i deltidsstillingar. I tillegg har me mange uløna medarbeidarar.