Musea i Sogn og Fjordane driftar og utviklar tolv ulike museum mellom fjord og fjell i Sunnfjord, Nordfjord og Sogn. Årleg gjev vi nær 60 000 innbyggarar og tilreisande kunnskap og opplevingar innan kulturhistorie og kunst.
Samlingane våre spenner frå urban kunstscene til eldgamle bygningar og skikkar. Frå pulserande historiske kystsamfunn til malaren Nikolai Astrup sitt småbruk i Jølster. Frå lafta utedassar og eksport av kvernsteinar i vikingtida, til ein Ford Escort frå 1980-talet og rykande ferske kunstinstallasjonar. Fortid og samtid.
Vi har kring 60 fast tilsette medarbeidarar, og fleire mellombels tilsette i sesong. Museumsvertar, museumspedagogar, museumsleiarar, konservatorar og handverkarar med fleire, jobbar på dei ulike musea. Les meir på Musea i Sogn og Fjordane sin nettstad.