Stiftinga Viti er den største kulturinstitusjonen mellom Bergen og Trondheim. Museet er ein profesjonell vitskapleg institusjon med i overkant av 60 tilsette og mange frivillige. Viti er organisert i 3 museumsfagavdelingar; kulturhistorisk avdeling, avdeling for samling og bevaring, og kunstfagleg avdeling. I tillegg kjem administrasjonsavdelinga. Administrasjonen ligg i Ålesund, og dei spesialiserte museumsarenaene ligg i kommunane Ålesund, Sykkylven, Volda og Ørsta. Samlingane omfattar både natur-, kyst-, by- og industrihistorie, samtidskunstkunst, jugendstil og folkemusikk.