Hildre Montessoribarnehage As

1.august 2024 vart det starta opp montessoribarnehage på Hildre. Til hausten er vi 14 store barn og 7 på småbarn, vi søkjer i dette høvet etter fagarbeidar/assistent.

Hildre Montessoribarnehage er ein barnehage som følgjer Maria Montessori sine pedagogiske prinsipp. Barnehagen ligg i eit område med mykje fin natur og tilhøva ligg til rette for at ein kan bruke det omkringliggande miljøet aktivt i kvardagen.