Høgskulen på Vestlandet

Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 500 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.

Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.

HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.

Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett har fire institutt med tilsette i Bergen, Sogndal og på Stord. Fakultetet er ein av dei største lærarutdanningsinstitusjonane i landet med rundt 6 600 studentar og 550 tilsette, og tilbyr barnehagelærarutdanning, grunnskulelærarutdanning for 1.-7. og 5.-10. trinn, praktisk-pedagogisk utdanning, bachelorutdanningar, masterutdanningar og Ph.d.-program. Fakultetet har eit omfattande etter- og vidareutdanningstilbod. Forskingsaktiviteten ved fakultetet blir organisert i forskingsprogram og forskargrupper.

Institutt for idrett, kosthald og naturfag har ca. 120 tilsette i Sogndal, Bergen og på Stord.
 
Fagområda i instituttet omfattar idrett, kroppsøving, fysisk aktivitet, folkehelse, friluftsliv, naturfag og mat og helse. Instituttet er óg ansvarleg for oppfølging av Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Instituttet har ansvar for fleire utdanningar på bachelornivå innan idrett, friluftsliv og folkehelse. I tillegg kjem masterutdanningar i idrettsvitskap, lærarutdanning i praktiske og estetiske fag for trinn 1-13 kroppsøving og idrettsfag og master i didaktiske praksisar. Instituttet gir óg undervisning i fysisk fostring, naturfag og mat og måltid i barnehagelærarutdanninga, i mat og helse, naturfag og kroppsøving i dei femårige grunnskulelærarutdanningane, og kroppsøving og naturfag i praktisk-pedagogisk utdanning. Instituttet bidreg og i fakultetet sitt Ph.d.-program: Danning og didaktiske praksisar. Instituttet har studietilbod for utanlandske studentar på alle tre campus, samt etter- og vidareutdanningstilbod.
 
Tilsette på instituttet er involvert i forsking og utviklingsarbeid som er relevant for aktiviteten ved fakultetet og deltek i faglege nettverk både nasjonalt og internasjonalt. Instituttet er og ein viktig aktør regionalt og nasjonalt for å bidra til kompetanseutvikling i skule, barnehage, idrett, friluftsliv, helse- og treningssenterbransje m.m.