Brakanes Barne- Og Ungdomsskule

Brakanes skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 143 elevar. Skulen sin visjon er Kunnskap, Glød og Glede. Skulen legg vekt på læringsleiing og arbeider for å få eit læringsmiljø fritt for mobbing og krenkingar. Alle elevar har iPad/PC, og skulen har ei langsiktig satsing på bruk av digitale verktøy, positivt læringsmiljø og inkluderande skulemiljø.