Fjaler kommune Flekke skule og barnehage

Flekke skule og barnehage dekker bygdene Flekke, Guddal og Straumsnes. Skulen og barnehagen er samlokalisert med ca 70 barn. Barnehagen har 2,5 avdelingar. Barnehagen har sterkt fokus på at barna skal oppleve eit trygt og aksepterande miljø, der barna får høve til å nytte og utvikle sine sterke sider på ein god måte i leik og læring. Flekke skule og barnehage ligg i eit naturrikt område med gode føresetnader for friluftsliv. Aktivitetar kan knytast både til sjø, skog og fjell.