Vaksdal kommune – framtidsretta og innovativ
Vaksdal kommune har framtida i fokus og tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere.
Våre tilsette bidreg kvar dag til å gjere kommunen til ein god stad å leve, bu og arbeide i.
Me satsar på innovasjon og er langt framme innan digitalisering.
Vaksdal kommune ligg sentralt mellom Voss og Bergen, med enkel tilgang via tog og bil.
Mangfald i arbeidslivet
Vaksdal kommune ønskjer at arbeidsstaben skal spegle mangfaldet i befolkninga. Me oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, kulturell bakgrunn, eventuelle hol i CV-en eller funksjonsevne.
Nokre stillingar har spesifikke helse- og fysiske krav.
I samsvar med offentlegheitslova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjarar bli offentlege, sjølv om søkjaren har bede om å vere anonym på søkjarlista.
Me nyttar elektronisk søknadsbehandling. Attestar og vitnemål må leggjast ved søknaden.
Dersom du har teke høgare utdanning utanfor Noreg, må den vere godkjend av Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. Dokumentasjon på godkjenning må leggjast ved søknaden.