Lesja helsehus blei teke i bruk etter nybygg og renovering, og siste byggjetrinn stod ferdig hausten 2020. Lesja sjukeheim held til i helsehuset. Her finn ein òg legekontor, helsestasjon, fysioterapi og ergoterapi, psykiatritenester, dagsenter og base for heimebaserte tenester.