I Storebø FUS barnehage har me eit positivt barnesyn. Det inneber at me ser på barnet som unikt og kompetent. Personalet støtter barnet i utviklinga ved å være medundrande og med forskande ved mellom anna å stilla spørsmål i staden for å gje svar. Personalet i barnehagen ser på barnet som likeverdig. Me meinar barn kan og klarar, og at meininga deira tel. Me har fokus på å bli kjent med nærmiljøet vårt.
Barnehagen har ca. 75 plassar. Per dags dato har me ledig barnehageplasser. Barna i barnehagen er fordelt på tre baser men 5 grupper: Bjørn, Rev, Ekorn, Harepus og Klatremus.
Me utforsker kjente og ukjente plasser. Basane har ein eller fleire turdagar i veka.. Klatremus og harepus (dei yngste) har eigen dagsrytme, tilpassa deira behov. Basane har forskjellige aktivitetar i veka. Kor det vert lagt vekt på kreativitet, leik, danning, læring, vennskap og fellesskap, kommunikasjon og språk. Dette vert basert på kva tema dei har den månaden.