Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for organisasjonsutvikling og digitalisering er plassert organisasjonsdirektøren si linje.Eininga har i dag om lag 50 tilsette, med IT som det klart største tenesteområdet. I tillegg har vi ansvar for organisasjonsutvikling, leiarutvikling og dokumentforvaltning. Vi skal både hjelpe fageiningane direkte, og indirekte via utvikling av effektive administrative arbeidsformer. Sentralt i dette står arbeidet med å utvikle digitale løysingar knytt til alle våre oppgåver. Omstillingsarbeid er også i stor grad organisasjonskulturarbeid. Eininga har dette som særleg fagleg ansvar, og driv omfattande utvikling av leiarar og leiing.