Vi tilbyr spanande moglegheiter for utvikling og karriere. Gjennom sitt engasjement bidreg våre tilsette kvar dag til at Vaksdal er ein god kommune å leve, bu og arbeide i. Vi er opptatt av innovasjon og er langt framme på digitalisering. Du finn oss sentralt, mellom Voss og Bergen. Det er enkelt å reisa hit med tog og bil. 

Elevane våre fortener dyktige og engasjerte lærarar. Viss du er ein av dei, så ynskjer Vaksdalskulen deg i vikariat frå august 2025. 

I Vaksdal er vi opptekne av å ha framtida i sentrum. Skulane i Vaksdal har jobba i fellesskap med fagfornyinga. Målet i ny læreplan er å styrke utviklinga av elevane si djupnelæring og forståing. Verdigrunnlaget skal løftast fram, og elevane jobbar tverrfagleg med demokrati, medborgarskap, berekraftig utvikling, folkehelse og livsmestring. Vaksdalskulen har felles og langsiktige satsingar gjennom inkluderande læringsmiljø, PALS og digital læringsleiing, og som lærar i Vaksdal får du vere del av eit lærande profesjonsfellesskap.