Aukra kommune Helse

Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal og er kjent for sin robuste økonomi. Kommunen har 3700 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort. Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Kommunedirektøren er øvste leiar for administrasjonen, som er organisert i 4 sektorar leia av kvar sin kommunalsjef med eigen fagstab. I kvar sektor er det einingsleiarar med ansvar for sine fagområde, til saman 13 einingar. Kommunen har gode utviklingsmoglegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.