Lonevåg barnehage har 6 avdelingar, 104 born og 30 tilsette. Barnehagen ligg på Hatland med barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule som nære naboar Vi deler bygg med Osterøy ressurssenter for kultur og språk og har eit godt samarbeid med dei.

Å arbeide i Lonevåg barnehage er å vere ein del av barn si utvikling og vekst, og gjennom omsorg og leik er du med å leggje grunnlag for ein trygg og god barndom.

Saman gir me barna den beste starten i livet, og bidreg til livsglede og meistring gjennom barnehagekvardagen

Naturområda som barnehagen ligg i opnar dører for å gi barna eit mangfald av naturopplevingar.

Ei viktig oppgåve som tilsett er at ein gjennom aktivitetar og turdagar viser at naturen kan vere ein spanande arena for leik og læring
Barnehagen har sin eigen Lavvo som er mykje i bruk
Som ein del av Lonevåg barnehage vil du også få høve til å utfalde kreativiteten din, engasjere deg og ikkje minst vere med å skape magiske barndomsaugneblink

Vi legg stor vekt på å byggje gode relasjonar til barn og foreldre. Velkommen til oss

Velkommen til oss!