Hyllestad kommune er ein liten vestlandskommune, vi ligg i ytre Sogn på nordsida av Sognefjorden, sentralt mellom Bergen og Førde. Daglege hurtigbåtavgangar Rysjedalsvika - Bergen.
Hyllestad kommune satsar på framtida. Skulen vår får no eit etterlengta løft med ny fløy og vi satsar mykje på å få gode internettløysingar i heile kommunen.
Det er i underkant av 1.300 som bur fast her i kommunen, mange fleire i helgar og feriar. Vi tek mål av oss til å vere ein kommune med fokus på tilrettelegging for lokalt næringsliv, dette er eit satsingsområde mellom anna gjennom Hyllestad vekst. Vi har òg mål om å utvikle dei kommunale tenestene på ein god og effektiv måte til det beste for innbyggjarane våre.
Bli ein del av Hyllestadsamfunnet du og!