Alver kommune er ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare. 

Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv. 

 

 

Trygge barn i trygge vennskap, og med tru på seg sjølv og omverda er noko av det viktigaste vi ynskjer at barna skal ta med seg frå åra i våre barnehagar.  

Bø barnehage ligg i Bøvågen og held til i eit nytt, stort og flott barnehagebygg. Hordabø skule er barnehagen sin næraste nabo, og barnehagen og skulen har eit tett samarbeid. Elles har barnehagen gangavstand til nærbutikken, næringsområdet, kyrkja, samt fine turområde. Styrar i Bø barnehage rapporterer til tenesteleiar for barnehagar, og har eit tett samarbeid med resten av styrarkollegiet.            
Her kan du finne meir om dei kommunale barnehagane i Alver, både om felles satsingar og om den einskilde barnehagen.