Vinje legekontor er eit veldrive og moderne legekontor. Me set verdiar som nærleik og tid til pasientane våre høgt. Hjå oss får du jobbe med ekte distriktsmedisin, i ein fagleg variert og interessant arbeidskvardag! Me set høge mål for tenestene våre og skal i løpet av dei neste åra bli Norges beste distriktslegekontor!
Legeavdelinga består av eit velfungerande team med 7 fastlegar og 2 LIS1 legar. Kommuneoverlegen arbeider i 70 % administrativ stilling, og har høgt fokus på utvikling av tenestene våre og kvalitet i kommunen sitt overordna medisinskfaglege arbeid.
Legetenesta har i dag to utekontor, i tillegg til hovudkontoret i Åmot. Det er totalt 3800 pasientar fordelt på 7 legar. Listetak ligg i gjennomsnitt på 700 pasientar, men blir justert i forhold til kommunale oppgåver og stillingsprosent. Me er 10 sjukepleiarar og ein helsesekretær i teamet. Kommunen har både kols og diabetessjukepleiar knytt til legekontoret, og eigen hjartesviktpoliklinikk. Me har dialyseavdeling som fungerer som ei satellittavdeling frå Sjukehuset Telemark. Avdelinga er godkjent som utdanningsverksemd og tilbyr ALIS avtale med veiledning for alle fastlegar.
Tokke-Vinje legevakt er lokalisert på legekontoret i Åmot og har lege på vakt heile døgnet. Legevakta er bemanna med sjukepleiar frå 08:00 til 22:30 alle dagar.