Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 900 tilsette og 17 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi, samfunnsvitskap og maritime studier, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar, ulike årsstudium og eit breidt spekter av vidareutdanningar.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Fakultetet for teknologi, miljø- og samfunnsvitskap har om lag 5700 studentar og 500 tilsette fordelt på studiestadane Bergen, Haugesund, Sogndal og Førde. Fakultetet har eit breidt utdanningstilbod både på bachelor og masternivå innanfor ingeniør- og naturfag, økonomiske og administrative fag, maritime fag, samfunnsvitskap og humaniora, i tillegg til phd-utdanninger i datateknologi, ansvarlig innovasjon og regional utvikling og i nautiske operasjoner.
Handelshøgskulen HVL har om lag 2000 studentar og 100 tilsette i Bergen, Haugesund og Sogndal.
Instituttet har ansvar for fagtilbod mellom anna innan økonomi og administrasjon, innovasjon, regional utvikling, samfunnsvitskap og humaniora, til saman 11 bachelorprogram, fire masterprogram og fleire årseiningar og delstudium. Instituttet har eit sterkt fag- og forskingsmijø og er sentralt i doktorgradsprogrammet ansvarleg innovasjon og regional utvikling.