Ullensvang Fruktlager SA er eit medlemseigd fruktpakkeri som ligg på Lofthus i Hardanger. Me tek i mot moreller, plommer, eple og pærer frå dei 90 fruktdyrkarane som er tilknytta oss. Deretter lagrar, sorterer og pakkar me frukta, og sender den ut til butikkar i heile landet.

Det er 5 fast tilsette hos oss, og vel 30 sesongarbeidarar i tidsrommet frå august til desember. Me handterer rundt 2500 tonn frukt i løpet av sesongen.

//

Ullensvang Fruktlager is a cooperative fruitpacking company located in Lofthus, Hardanger. We sort and pack apples, plums and pears from 90 farmers. The fruit is stored, sorted, packed and sent to shops throughout Norway.