Kvifor arbeide i Sula kommune?
I tillegg til givande arbeid kan du oppleve det beste Sunnmøre har å by på.
- fjord og fjell: nyt utsikta frå fjelltoppane eller ta eit bad i fjorden.
- kultur og idrett: delta på arrangement og prøve nye aktivitetar.
- friluft: lån kajakk og padle på Vassetvatnet.
- frivillige lag: over 100 frivillige organisasjonar og lag, som alle ønskjer seg nye medlemmer
Sula har monge moglegheiter for deg!
Sula kommune ligg sentralt til på Sunnmøre med Ålesund som næraste nabo. Kommunen har omlag 9700 innbyggjarar kor omlag halvparten bur i kommunesenteret Langevåg. Med eit areal på 59 km² er Sula ei av dei minste og mest folketette kommunane i fylket. Kommunen er ei vekstkommune med stor aktivitet, eit rikt kulturliv og med gode høve til å dyrke friluftsliv. Sula kommune ønskjer å vere ein attraktiv arbeidsgjevar som kan rekruttere, utvikle og halde på dyktige medarbeidarar. Kommunedirektøren si leiargruppe består i dag av kommunedirektør og fire kommunalsjefar. Desse er nøkkelpersonar for at våre omlag 700 dyktige og engasjerte medarbeidarar skal kunne utføre viktige oppgåver for innbyggjarane og samfunnet.