NFI er staten sitt forvaltingsorgan, faginstans og rådgivar i politiske spørsmål innan dataspel- og filmområdet, og er underlagt Kultur- og likestillingsdepartementet. Vi forvaltar over 800 millionar kroner i året, som blir investert i utvikling, produksjon, lansering og formidling av norske filmar, seriar og spel. NFI skal vere ein døropnar for norske, audiovisuelle historier, og gjennom det bidra til demokrati, identitet og medverknad.

Vår oppgåve er òg å bidra til at norske produksjonar når ut til publikum, og vi arbeider internasjonalt for å fremje norske produksjonar, samt finansiering og eksport av desse. NFI driv det nasjonale Cinemateket, som ligg i Oslo.