Norsk fjellsenter er besøkssenter for nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen. Fjellsenteret er ein del av Stiftinga Norsk Fjellmuseum, og er også forvaltningsknutepunkt. Fjellmuseet skal syne menneske sin bruk av fjellet i førhistorisk tid med brearkeologiske funn frå nasjonalparkane kring oss. Senteret driftar også Klimapark 2469, ein utandørs formidlingsarena ved foten av Galdhøpiggen. Vi har daglege guidingar i eit spennande høgfjellslandskap gjennom sommarsesongen, med ein verdskjend istunnel i Juvfonna.