Sveio kommune ligg sentralt mellom bykommunane Stord og Haugesund - og midt i storregionen mellom Bjørnafjorden og Boknafjorden.
Dei vel 5.750 innbyggjarane i kommunen har kort veg til dei fleste servicefunksjonar i tillegg til ein stor og variert arbeidsmarknad i Sunnhordland og på Haugalandet.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar, og kan tilby eit breitt og aktivt idretts- og kulturliv saman med eit næringsliv i vekst.