*Vinjesenteret er ein av tre arenaer under Nynorsk kultursentrum, musea for skriftkultur. Arenaen er eit nasjonalt senter for litteratur og journalistikk med utgangspunkt i Vinjeforfattarane Aasmund Olavsson Vinje, Tarjei Vesaas, Halldis Moren Vesaas og Aslaug Vaa. *
Halldis Moren Vesaas var ein av dei fremste og mest lesne lyrikarane i Noreg, ho skreiv noveller, sakprosa, bøker for barn og unge og har omsett og gjendikta ei rekkje skodespel og annan skjønnlitteratur bl.a. frå fransk og engelsk.
*Tarjei Vesaas var den fyrste norske forfattaren til å vinne Nordisk Råds litteraturpris i 1964, berre to år etter at den vart oppretta. Han var nominert til Nobels litteraturpris fleire gonger. Bøkene hans blir omsette til stadig fleire språk, og mange av dei som vart omsette i hans levetid kjem no ut i nye omsetjingar. *