Nordbygda skule er ein fulldelt 1-10 skule med i overkant av 100 elevar. Skulen sitt motto er «Kunnskap og Vennskap». Skulen er Unesco-skule og er akkreditert Erasmus+ skule i perioden 2023-27. Satsingsområda for skulen er internasjonalisering og bruk av nærmiljøet i undervisninga. Skulen har eit tett samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og er praksisskule for lærarstudentar.

Masfjorden kommune ligg i hjartet av Nordhordland Biosfæreområde og er eit eldorado for friluftsinteresserte, med øyar og holmar, skog og fjell, eit unikt turterreng, og gode fiske- og jaktvilkår. Lokalmiljøet rundt Nordbygda skule er prega av eit aktivt organisasjonsmiljø med kulturskule, idrettsskule, fotballag, all-idrett, sjakk-klubb og skulemusikk.