Austevoll er ein øykommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er den største fiskerikommunen i landet med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spanande jobbar.

Kommunen har eit folketal på om lag 5400 og dagleg pendlar omtrent 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er rundt 450 fast tilsette som er opptatt av å gi innbyggarane våre gode kommunale tenester.

Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk.

Vi ønsker deg velkommen som søkar til stilling i Austevoll kommune!

Gullsmedvegen bu og avlasting ligg tett på sentrum i Bekkjarvik. Det er enkel tilkomst med hurtigbåt fra Bergen eller Sunnhordaland med fleire daglege avganger. Med bil tek det cirka 30 minutt frå sambandet Hufthammar-Krokeide og 15 minutt frå Husavik-Sandvikvåg.

Lokala våre ligg fint plassert med utsikt til sjø og Bekkjarvik sentrum. Det er kort avstand til kjøpesenter, tilrettelagte turområder og leikeplassar.