Bø blad er lokalavisa for Midt-Telemark, ein kommune i sterk vekst og utvikling, med rundt 11.000 innbyggjarar. Aktiviteten er stor på dei fleste område i kommunen, og det er mykje spennande som skjer. Bø blad blei etablert i 1986, og kjem ut ein gong i veka på papir og kvar dag på nett. Avisa er uavhengig og eig lokalavisa Kanalen på Ulefoss. Bø blad har eit opplag på 3009 (2024).