Seljord Helsesenter Allmenn Legeteneste

Seljord kommune er ein naturskjønn aktivitetskommune i hjartet av Telemark. Seljord ligg sentralt i Telemark med storslått natur og gode friluftstilbod. Kommunen er eit handelssenter og trafikknutepunkt, og har mange store arrangement i løpet av året. Det er godt utbygde helsetenester, barnehagetilbod, to grunnskular, vidaregåande skule, folkehøgskule, kulturskule, symjehall og kulturhus med bibliotek, idrettshall og treningssenter. Seljord kommune har i underkant av 3000 innbyggarar. Kommunen er den største arbeidsgjevaren i bygda, med om lag 390 tilsette totalt.