Sula kommune

Her bur i hovudsak eldre som ikkje lenger klarer seg i eigen bustad eller i omsorgsbustad. Avdelinga har 16 bebuarar, med rom fordelt på to etasjer. Målet vårt er å gi bebuarane eit individuelt tilbod ved å nytte eigne ressursar for å meistre kvardagen. Turnus er to-delt med arbeid kvar 3. helg.

Instagram

Facebook

Bukollektiv for personer med demens-sjukdom. Målet er å gje bebuarane eit tilpassa tilbod i trygge og rolege omgjevnader og hjelp til å nytte eigne ressursar lengst mogleg. Det er nært samarbeid med pårørande.

Turnusarbeid med arbeid kvar 3. helg. Personalet består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar og assistentar. Nokre ansatte har vidareutdanning innan sjukdomen demens.

Instagram

Facebook


Langtidsavdelinga har 28 plassar i bukollektiv, fordelt over to etager. Avdelinga gir bu- og behandlingstilbod til menneske, der kommunen sine øvrige pleie- og omsorgstenester ikkje kan gi tilstrekkeleg hjelp i eigen heim.